Hopp til innholdet

OM

Aasmund Nordstoga

Aasmund Nordstoga er visesongar og gardbrukar. Han blir også mykje brukt som programleiar/konferansier. Han har blitt nominert til Spelemannspris to gonger, den fyrste for debutplata «Ein visefugg», og den andre for albumet «12 dagar i jola».

I 2023 var Aasmund med på to plateutgjevingar. «Tom Duley og andre viser» er ei reinspikka duoplate i lag med Åsmund Reistad. Visene er frå Hartvig Kirans songbok med same namn.

Den andre utgjevinga Aasmund fekk vera med på i 2023, var «Kjenslevev» med tekster av Knut Buen og musikk av Knut Buen og Sigmund Groven. Her var Aasmund solist i lag med Anne Gravir Klykken. Forutan komponistar og tekstforfattar, medverka Kjetil Bjerkestrand på denne plata.

Aasmund hentar repertoaret sitt stort sett på heimebane. Gamle viser blir friska opp att med nye arrangement eller ny melodi, med god hjelp av nære musikkvener. Visene har gjerne ein god historie, eller ei god dose livsvisdom. Den siste soloplata, Guten, inneheld i sin heilskap tekster av diktaren Aasmund Olavsson Vinje, der ein kan seie at Aasmund, med svært god hjelp av bror Odd, har blåsi nytt liv i nokon av Vinjes beste dikt.

Særleg har samarbeidet med Odd, med Åsmund Reistad, Jørund Fluge Samuelsen og John Vinge bori frukter. I alt fire soloplater har det blitt.

Når Aasmund held konsert, tek han helst med seg ein musikar eller tre. Gitarist Åsmund Reistad er som regel fast fylgje, og i ei utvida besetning finn ein gjerne trøorgel, fele og kontrabass. Som regel vil publikum få servert både alvor og skjemt. Uhøgtidleg og laus snipp, men med ei seriøs tilnærming til stoffet, kan kanskje vera ein god karakteristikk av ein konsert med Aasmund.

I 2015 gav Aasmund ut ei joleplate i lag med Gunnhild Sundli. Sæle jolekveld er ei plate der jolesongane har fått folkemusikalsk dåm. Plata fekk svært god mottaking.

Aasmund fekk Vinje kommunes kulturpris 2021 for arbeidet sitt som kulturformidlar.

I desember 2022 og 2023 var Aasmund med på Frode Alnæs sin joleturné “Lang desember natt»,

Våren 2024 kjem ei ny plate med eit anna samarbeidsprosjekt. Her er Aasmund med i gruppa «Reitir»; som kjem ut med skotsk folkemusikk til Robert Burns tekster omsett til Vest-Telemarksdialekt. Peter Fjågesund står for tekstarbeidet, medan Ingebjørg Lognvik Reinholt (vokal), Sarah-Jane Summers (feler), Juhani Silvola (gitarar) og Morten Kvam (bass) står for det musikalske i lag med Aasmund.

Innspelingar

  • Ein visefugg, Warner
  • Friaren, Warner
  • 12 dagar i jola, Warner
  • Guten, Warner
  • Sæle jolekveld, Plassen produksjon
  • Aasmund er også medsolist på albumet Einseto, i lag med Tor Jonsson orkester
  • Kjenslevev, Grappa
  • Tom Duley og andre viser, Lydpressa